Øystein, son hans Halvdan Kvitbein, var konge etter han paa Raumarike og Vestfold; han var gift med Hild, dotter hans Eirik Agnarsson, som var konge paa Vestfold. Agnar, far hans Eirik, var son hans Sigtrygg, som var konge i Vendil. Kong Eirik hadde ingin son, og døydde medan kong Halvdan Kvitbein livde. Halvdan og Øystein tok daa og lagde under seg heile Vestfold. Øystein raadde for Vestfold so lengi han livde. Den tid var de ein konge paa Varna som heitte Skjold og var ein stor trollmann. Kong Øystein fór med nokre herskip yvi til Varna og herja der og tok de han raaka paa, klæde og andre eignelutir og reidskapen til bøndane, og hogg strandhogg; sidan fór dei burt. Kong Skjold kom til strandi med heren sin; daa var kong Øystein alt burte og komin yvi fjorden, og Skjold saag segli deira. Daa tok kappa si og veivde og blés. Daa dei siglde inn um Jarlsøy sat kong Øystein ved styre; eit anna skip siglde tett attmed. De sjøa noko, og seglbommen paa de andre skipe slo kongen yvi bord, og de vart banen hans. Mennane hans fekk like upp og førde de inn til Borro og kasta upp ein haug etter han paa Rae ute ved sjøen ved Vadla.
So segjer Tjodolv:
Men for seglbommen
stupte Øystein
og til brordotter
hans Byleist fór
Paa kanten av Rae
kviler han
den storgjæve kongen
under steinen gøymd.
Uvérs-kald,
der kongen ligg,
Vadle-straumen
ut i viki renn.
fra Ynglinga-soga
“Uten å ha et organisk forhold (kjærlighetsforhold) til naturen, bevares den ikke”, uttalte fotografen Kåre Kivijärvi til radio Hammerfest noen uker før han døde i 1991.
TIL FORAARET
O Foraar! Forraar! red mig!
Ingen har elsket dig ømmere end jeg.
Dit første Græs er mig mer værd end en Smaragd.
Jeg kalder dine Anemoner Aarets Pryd
skjønt jeg nok ved, at Roserne ville komme.
De to første versene i diktet TIL FORAARET av Henrik Wergeland
Recent Comments











